onsdag 1. desember 2010

Presentasjon av GDT - Desember 2010

Tine E. Solberg Kristiansen
aka
Tinemor


Hei, eg heiter Tine E. S. Kristiansen og er 34 år gammal.
Eg kjem frå Voss, men bur no på Sleire i Masfjorden (Nordhordland). Det var sjølvsagt kjærleiken som fekk meg inn her.
Saman har me ei dotter på snart 3 år, og han har ein gut ifrå før som no er 13år.
Eg har ”alltid” drevet med noko hobby ting. Har til og med hatt ein Hobbybutikk som eg overtok etter mamma. Men akkurat denne hobbyen begynte eg ikkje med før litt etter at dottera vår vart født. Eg ville lage album til ho og ”snubla” over nokon nettbutikkar. Reiste so på min fyrste scrappebutikk, og då var det gjort. Fekk auga opp for både kort og andre papirting..

Eg begynte i da små på kjøkkenbordet og hadde dei få tinga mine i ei pappøskje.. Men so lagde me eit hobbyrom, og ting fekk andre dimensjonar.
Det var meininga at samboaren min også skulle få bruka rommet til sine hobbyar..
He he eg må nesten le… for no er da nesten ikkje plass til meg sjølv her inne, vertfall ikkje til hans hobbyting. Da må seiast at romme er på ca 3 kvadrat. J

Eg går sjukemeldt og har då heile dagen for meg sjølv. Og då blir da mykje tid til papirpuslerier. Eg lagar masse (helst kort da går i) på bestilling og har nokon utsals plassar, og no er det jo tider for julemesser. So no har det vore myyykje jobbing med papir både seint og tidlig.

Det var utruleg kjekt å bli spurt om å vere gjeste designar her på Kort o Mania. Og da takka eg sjølvsagt ja til.
~Tinemors kort~

Ingen kommentarer: